Innledning

Lundarsøyla (VV00000446)

Godkjent av
Oppstartsdato03.09.2018
Planlagt revisjon
Sametingskonsultasjon
Godkjent dato04.01.2021
Høringsdato28.04.2020
ephorte saksnummer2018/2842
ForvaltningsmyndighetFylkesmannen i Rogaland
ForvaltningsmyndighetstypeFylkesmann
Oppsynhttp://www.naturoppsyn.no/lokalkontorer/
FylkerRogaland
KommunerStavanger
Verneformnaturreservat
VerneplanVerneplan for våtmark
Vernet dato20.12.1996

Om forvaltningsplanen

Forvaltningsplanen skal utdjupe og presisere bruken av reglane i verneforskrifta. Samstundes skal planen informere om naturverdiar og kva tiltak som er ønskelege for å ta vare på desse verdiane. Forvaltningsplanen skal sikre langsiktig og målretta forvaltning av heile verneområdet og gje føringar for bruk, informasjon, skjøtsel, overvaking og eventuell tilrettelegging.

Forvaltningsmyndighetens oppgave

Forvaltningsstyresmaktas oppgåve er å hente inn naudsynt kunnskap om områdets naturverdiar, noverande og historisk bruk, kulturminne, infrastruktur, tilrettelegging, eigeforhold og eventuelle rettigheiter. Desse opplysningane samlast i forvaltningsplanen. I forvaltningsplanen vert det og sett bevaringsmål med skildring om korleis tilstanden skal overvakast. Forvaltningsplanen skal skilde tiltak som er naudsynte for restaurering og skjøtsel av området. Forvaltningsstyresmakta skal føre tilsyn med området og sikre at vernereglane vert halde. Statens naturoppsyn utførar nokre av desse oppgåvene for Fylkesmannen.

Områdefakta

Landareal (daa)175
Sjøareal (daa)167
IUCN-statusIUCN_IA
Ramsar-statusNei
Emerald-status

IUCN

Noreg er medlem hjå Den Internasjonale Naturvernunionen (IUCN). IUCN har som mål å ivareta natur og biologisk mangfald. Under IUCN sitt arbeidsprogram for verneområde blir det utvikla vegleiing for å auke effektiviteten i arbeidet med verna natur. Eit av desse er klassifiseringssystemet av IUCN-kategoriar, som i stor grad blir nytta for å samanlikna verneområde mellom land. Lundarsøyla naturreservat faller inn under IUCN-kategori IA ('strict nature reserve'), som kort kan definerast som: 'strengt vern grunna biomangfald og moglege geologiske/geomorfologiske forhold, kor besøk, bruk og innverknad frå menneske er kontrollert og avgrensa for å sikre verneverdiane' (Dudley 2008).
  

Bernkonvensjonen

Bernkonvensjonen ('Convention on the Conservation of European Wildlife and Natural Habitats') vernar  europeiske artar av ville planter og dyr og dei naturlege leveområda deira. Avtalen gjelder i første rekke vern av artar og område som krevjar samarbeid mellom fleire statar. Den legg særleg vekt på vern av trua og sårbare artar som vandrar over større område, t.d. grågås og kortnebbgås. 

Natur

Beskrivelse

Lundarsøyla er ein brakkvasspoll med undervassenger, strandenger og strandsump, beitemarker mm. Lokaliteten har fleire funksjonar som fuglebiotop. Dels hekkar ei rekkje våtmarksfuglar som gravand, stokkand, siland, fiskemåse, makrellterne, vipe, tjeld, enkeltbekkasin og raudstilk. Dels vert området nytta til næringssøk utanom hekketida av m.a. grågås, gråhegre, tårnseglar og svaler. Sumpskogen huser ein rik sporvefuglfauna med m.a. vendehals og stjertmeis. I trekktida er området viktig for vadefugl, m.a. gluttsnipe. I tillegg er det overvintringsområde for ender, særleg kvinand, stokkand og siland. Svartorsumpskogen er blant dei største i Rogaland. Skogen dekker eit større og to mindre søkk. Skogen er rik, og varierer frå ope vatn og sumpskog til frisk-fuktig, bregnerik og lågurt-liknande skog med mjødurt, kusymre og kratthumleblom. På fuktigare stadar dominerer skogburkne og slakkstorr. Ved våtare tilhøve finst sløkje og myrmaure, og vidare mannasøtgras og soleihov. Omtrent midt i søkket ligg eit sumpområde, delvis med ope vatn. Langs kanten og på “øyar” finst myrartar, delvis rikmyr-artar samen med ung svartor. Velutvikla eikeskog på gnr. 66/1 med trer av ulik storleik, og ein del liggande daud ved. Ungskog på Siriholmen, med bjørk, hassel, eik, rogn og ask.

Naturtyper beskrivelse

Naturtypane i Lundarsøyla er kartlagt etter DN-Handbok 13 og 19, og Natur i Norge (NiN) 2.1. Fleire registrerte naturtypar reknast som særs viktig og av nasjonal forvaltningsinteresse, da dei er raudlista og ofte ein trua eller utvalt naturtype. Marint gruntvassområde med strandeng, kulturmarkseng, lauvskog, sumpskog og planteskog. Velutvikla eikeskog på 166/1 med trer av alle størrelsar. En del liggande død ved. Pionerskog på Siriholmen, med bjørk, hassel, eik, rogn og ask. NiN naturtypar T1 - C2 Uttørkingseksponerte svært og temmeleg kalkfattige berg T1 - C5 Lite uttørkingseksponerte sterkt og litt kalkrike intermediære nakne berg T4 - C1 Blåbærskog T4 - C2 Svak lågurtskog T4 - C5 Bærlyngskog T4 - C6 Svak bærlyng-lågurtskog T4 - C18 Høgstaudeskog T32 - C3 Intermediær eng med mindre hevdpreg (kritisk trua, CR) T33 - C1 Nedre seminaturleg strandeng (sterkt trua, EN) T33 - C2 Øvre seminaturleg strandeng (sterkt trua, EN) T34 - C2 Kalkfattige kystlynghei (sterkt trua, EN) T35 Sterkt endra mark T38 Treplantasje T45 Oppdyrka eng V2 C1 Kalkfattig og svakt intermediær myr og sumpskogsmark V2 - C2 Sterkt intermediære litt kalkrike myr og sumpskogsmark V8 - C1 Kalkfattig og intermediær strand- og sumpskogsmark L4 Kalkfattig helofyttsump M Saltvasspåvirka naturtype ikkje nærmare definert

Arter beskrivelse

Lundarsøyla er eit viktig område for mange forskjellige fugleartar. 173 fugleartar har blitt observert, av disse har 43 sikkert hekka, og 16 har kanskje hekka. Opp til 200 ender er registrert vinters tid. Knoppsvane, kråke, grågås og havørn har blitt meir vanleg sidan 2000. Området er til tider eit viktig oppvekstområde for grågås-ungar frå Norheimsøy naturreservat i nord. Av planter er det funne over 250 artar i heile reservatet. Av meir interessante kan nemnast murburkne, skruehavgras, småhavgras, vårmarihand, grov nattfiol, engstorr, blåstorr, slakkstorr, havstorr, saltstorr, grisnestorr, dunhavre, hjartegras, kransmynte, krabbekløver, kyståkermåne, salturt, steinstorkenebb, strandlauk, vill-lin, bergperikum, filtkongslys, kusymre og østersurt.

Rødlistearter beskrivelse

Raudlista er utarbeida av Artsdatabanken, og kategoriserer artar ut frå kor trua dei er. Artar med status kritisk trua (CR), sterkt trua (EN) og sårbar (VU) reknas som trua. Trua artar ilag med artar som er regional utdøydd (RE), nær trua (NT) og med manglande kunnskap (DD) reknas som raudlista. Av planter er følgjande artar oppført i raudlista av 2015: Ask (VU) Villapal (VU) Krabbekløver (NT) Steinstorkenebb (NT) Ugrasbendel (NT). Då det har skjedd ein del suksesjon innanfor dei ulike vegetasjonstypane sidan vernet blei oppretta, og då dei fleste observasjonane begynner å bli nokre år, bør ein foreta nye registreringar. Av fuglar er følgjande arter oppført i raudlista av 2015: Artar som er registrert hekkande innanfor området: Vipe (EN), Makrellterne (EN), Hettemåke (VU), Fiskemåke (NT), Bergirisk (NT), Stær (NT), Gulsporv (NT). Artar som nyttar området meir sporadisk: Åkerrikse (CR), Lomvi (CR), Hubro(EN), Brushane (EN),Krykkje (EN), Songlerke (VU), Stjertand (VU), Skeiand (VU), Sivhøne (VU), Sjøorre (VU), Storspove (VU), Lappfiskand (VU), Vassrikse (VU), Dvergdykkar (VU), Horndykkar (VU), Teiste (VU), Svart-raudstjert (VU), Hønsehauk (NT), Snadderand (NT), Vaktel (NT), Gauk (NT), Taksvale (NT), Sivspurv (NT), Dobbeltbekkasin (NT), Blåstrupe (NT), Svartand (NT), Sandsvale (NT), Tjuvjo (NT), Tyrkardue (NT), Ærfugl (NT). Nokre av dei raudlista artane har forsvunne som hekkefugl frå området, og nokre nyttar området meir sporadisk under trekk. Ein bør derfor oppdatere kunnskapen med nye undersøkingar. Spor etter oter (VU) registrert i 1987

Geologi beskrivelse

Lausmassar: Hav- og fjordavsetning og strandavsetning, usamanhengande eller tynt dekke over berggrunnen. Forvitringsmateriale, usamanhengande eller tynt dekke over berggrunnen Berggrunnen: Amfibolitt og glimmerskifer, stadvis gneis med kvarts og feltspat.

Klimaendring

Frå Klimaprofil Rogaland 

Frem mot 2100 reknar ein at gjennomsnittleg årstemperatur i Rogaland vil auke med ca. 3,5 °C. Den største temperaturauke vil skje på vinteren, ca. 4.0 °C, medan sommartemperaturen er rekna å auke med ca. 3,5 °C. Vekstsesongen vil bli med 1-3 månader lengre, og auka mest i ytre kyststrøk. Vinterstid vil dagar med svært låg temperatur bli sjeldnare. 

Årsnedbøren i Rogaland er rekna å auke med ca. 10 %. Auka fordeler seg slikt innan i sesongane: • Vinter: 20 % • Vår: 10 % • Sommar: 5 % • Haust: 10 % Det er forventa at episodar med kraftig nedbør aukar vesentleg både i intensitet og mengde til alle årstider, kor døgn med kraftig nedbør vil ha ei 15 % auke i nedbørsintensitet. Auka i fukt og intensiv nedbør på sommaren vil auke risikoen for erosjon og tråkkskader frå dyr og menneske. Samstundes som sommarnedbøren aukar i Rogaland vil det også fordampa meir. Dette medfører ein høgare risiko for lengre periodar med tørke kor elvar vil få ei låg vassføring, lengre periodar med låg grunnvatn og større underskot på markvatn. Ein reknar med ein betydeleg reduksjon i mengde snø og dagar med snø i lågareliggjande område, medan einskilde år kan også lågareliggjande område oppleve betydelege mengder snø. Grunna høgare vintertemperatur vil det bli fleire smelteepisodar. Mindre snødekke på vinteren kan auke moglegheita for vinterbeite. 

Annen negativ påvirkning

- Forsøpling: rester av gamle betongrøyr og landbruksplast. - Næringsavrenning frå landbruk og usikkerheit knytt til omfanget av næringsavrenning. - Forstyrring: Turstien gjennom reservatet har lite bruk, men trafikk av turgåarar og særleg dei med lause hundar kan forstyrre rastande og hekkande fugl. Tidleg jakt og skadefelling på grågås utanfor reservatgrense kan ha negativ påverking på andre fugleartar inne i reservatet. - Framande artar, (sitkagran, platanlønn) har spreidd seg inn i området. I lagunen er det registrert japansk drivtang som vurdert til å ha 'svært høy risiko' (SE) på Fremmedartslista. I eikeskogen i SØ er det mykje oppslag av platanlønn. Sitkagran har spreidd seg på beitet i nord. Det står eit plantefelt med sitkagran i NV. - Steinfylling over utlaupet reduserer vassutskiftinga og kan føre til auka risiko for dårleg vasskvalitet.

Tilleggsopplysninger

Auking i grågåsbestanden har i lengre tid medført konflikt i høve beiteskadar på tilgrensande eng. Utvida jakt på grågås nær reservatet vil ikkje vera ønskeleg då det kan uroa fugl som raster/hekker i reservatet, jamfør Naturmangfaldlova § 49. I det minste må slik jakt vere styrt, og klart avgrensa i tid og rom. Sjøfuglbestandane i Boknafjorden har dei siste tiåra vert i stor endring, både i artssamansetning og antall. Dette beror på ei rekje faktorar utanfor dei enkelte verneområde. Dette vere seg endringa i fødetilgang i havet og auke i rovfuglbestandane. Sjølv om Lundarsøyla har ei reduksjon i hekkefugl og endra artssamansetning, så vil reservatet fortsatt vere viktig for funksjonen av verneområde i Rogaland, som eit nettverk, og kunne vere viktig i framtida.

Bruk og historikk

Eierstruktur

gnr 65/1 Henning Stokke gnr 65/2 Olav Hauge gnr 66/1 Bernt Lund gnr 66/4 Osmund Lund gnr 66/5 Martin Tengesdal gnr 66/6 Jone Vadla

Verneprosess

Foreslått verna i 1981. Mellombels verna i 1983 grunna i omfattande hogst i sumpskogen. Verna 20.12.1996 som ein del av verneplan for våtmark. Føremålet med vernet er å ta vare på ein viktig hekke-, trekk- og overvintringslokalitet.

Restriksjonsområder

Jfr. verneforskrifta: 4. Motorisert ferdsel på land og vatn og flyging under 300 meter er forbode. Forbodet gjeld og bruk av modellbåtar og modellfly. Brettsegling er forbode. 5. Camping, oppsetting av telt og oppsetting av kamuflasjeinnretningar for fotografering er forbode. 6. All ferdsle på holmane i Søyla er forbode i tida f.o.m. 1. april t.o.m. 15. august.

Vernegrense

Vernegrensa er revidert i sør og nord i 2008. Knekkpunkt 17 og 18 blei retta til å gå langs strandkanten, i henhold til grenseskildring. Knekkpunkt 6-8 blei endra til å følgje eigedomsgrenser. Dette kjem frem av vedlagt revidert kart.

Brukshistorie

Tradisjonell landbruksdrift med beitedyr (sau og storfe). Det har vært hogd i skogen og dyr har også beita i sumpskogen. Under krigen blei det grave ut relativt grunne grøfter i sumpskogen i retning SV-NØ.

Landbruk

Areal godkjent for gjødsling, innanfor verneområdet, er merka i vedlegg ‘Kart grenser gjødsla areal 1999’. I reservatet er det berre beiteområda i den nordlege delen, nord for bru på gnr. 166/4 som vert gjødsla med kunstgjødsel. På gnr. 166/4 er det hogd ein del einer, bjørk og gran. Det vert beita med villsau som går ute heile året. Beitetrykket har vært stabilt dei siste 5 åra, omlag 10 vaksne dyr med lam. Beitetrykket ser ut til å vera akseptabelt. Villsau beiter også på bjørnebær og lyssiv. Det skjer tilleggsfòring på 166/4. På innmarksbeite sør for bru (165/1) har det ikkje vore beita i 2019, men ny eigar startar opp med sau frå 2020. Dyrka mark langs sør-grensa av reservatet vert intensivt gjødsla. Intensivt gjødsla innmarksbeite nord for reservatet på (gnr. 165/3), godkjent som spreieareal i 1993.

Friluftsliv

Det er merka ein enkel tilrettelagt tursti (5,3km) kring Lundarsøyla og Eikåsen naturreservat. Stien er merka med blå-maling fleire stadar. Framtidig merking skal ikkje skje direkte på trær, men på en slik måte at merking kan regulerast ved behov.

Jakt og Fiske

All jakt er forbode. Fiske er tillat og bruk av motorbåt i samband med fiske.

Reiseliv

Handelsstaden Ramsvig ligg 1 km aust for reservatet.

Kulturminner

Det er registrert to kulturminne i reservatet, begge rett aust for Siriholmen på gnr. 165/1, begge frå jernalder. Dei er begge faste kulturminner frå før 1537, og er difor automatisk freda. Kulturminna har også ei sikringssone på fem meter, og skjøtsel innafor denne skal skje i samråd med kulturminnemyndigheita Rogaland fylkeskommune. 1. Nausttuft (id 71892). N-S orientert. Tydeleg i terrenget og klart markert. Open mot nord. Kraftige langvegger bygget av vesentleg stor kampestein og brotstein. 2. Gravhaug (id 14540) Id-ane referer til kulturminnedatabasane Askeladden og Kulturminnesøk. Det er også fleire uregistrerte kulturminne av nyare dato, sjå ‘Bygg og installasjonar’.

Bygg og Installasjoner

Det er fleire døme på flotte lødde gjerder i stein. I nyare tid er det satt opp nettinggjerde og piggtråd. I NV-del av 166/4 ligg det ein hustuft. På høgaste punkt på 166/4 er det bygd en varde i stein. Varden er nå nesten skjult av tre og buskar.

Infrastruktur

Det er anlagt to bruer over opninga til Lundarvågen. Den eldste er av lødd stein og heller og har en opning på omlag 1 x 1 m i tverrsnitt. Den yngste brua er lagt av sprengstein (sprengte bort holme rett vest for bru) og med betongheller over opninga. Opninga er omlag 2 x 1 m i tverrsnitt. Lengre nord i vegkroppen finns enda ein opning på omlag 0,5 x 0,5 m. Det er satt opp ein grind på tvers av bru. Det er i nyare tid bygd ein traktorveg over 166/4 fram til 166/5.

Motorferdsel

Motorisert ferdsel er i utgangspunktet forbodet, men tillat til: - vedlikehald av traktorveg - naudsynt motorisert ferdsel på areal nærare bestemt av forvaltningsstyresmakta (lik areala tillat for gjødsling, sjå vedlegg). I samråd med forvaltningsmynde kan ein også bruke motorisert ferdsel til vedlikehald av tidlegare opptatte grøfteavløp som drenerer tilgrensande jord- og skogbruksareal.

Forvaltning

Innledning

Stavanger kommune er forvaltningsstyresmakt for området, og det er SNO lokalt i samråd med Stavanger kommune som har ansvaret for tiltak og skjøtsel. Private personar og organisasjonar kan likevel gjennomføre skjøtselstiltak i samråd med forvaltningsstyresmakta. Føremålet med vernet er å ta vare på ein viktig hekke-, trekk- og overvintringslokalitet. I medhald av verneforskrifta skal ein ta vare på vegetasjon og dyreliv. I delar av området som i dag er opne beiteområde vil det vera viktig å fortsette med tradisjonell heilårsbeiting med villsau, mens det i noverande skogkledde område er viktigare med fjerning av framande treslag. Det vert vurdert ein utviding av beiteområdet på 166/4 lengre vest mot eigedomsgrense til 166/5. Det er viktig å ta vare på mest mogleg av kantvegetasjonen, sjølv om det i austlege delar kan tynnast noko i hasselkratt som ligger lengst vekk frå strandkanten. Det bør ryddast kring kulturminne og kring stein-varden for å gje besøkande betre opplevingar og for å unngå skade på kulturminne. Ved avkøyring frå asfaltert veg bør det settast opp eit informasjonsskilt som informerer om verneområdet og verneverdiane. Oppdatert kunnskap er viktig og systematisk teljing av fugl samt ein oversikt over vassplanter vil vera ein naudsynt føresetnad for framtidig forvaltning.

Bevaringsmål

ID Bevaringsmåltekst Tilstandsvariabel Målt tilstand Opprettet Visningsfelt
VV00000446 + 8668 Området skal være tomt for søppel. Annen løs gjenstand / Små objekter Mangler måling 18.09.2020 https://natstat.miljodirektoratet.no/Area/FactPage/152804?bevaringsmalID=8668
VV00000446 + 8682 Ingen sitkagran 7FA Fremmedartsinnslag Mangler måling 13.10.2020 https://natstat.miljodirektoratet.no/Area/FactPage/153204?bevaringsmalID=8682

Tiltaksplan

ID_TILTAK PRI Beskrivelse Kategori Bevaringsmål Dato innlagt Dato ferdig Internt opphav
ID_TILVV00000446_000000001 1 Uttak av platanlønn frå sumpskogen Uttak av fremmede arter Ikke valgt 01.01.2019 ESL
ID_TILVV00000446_000000002 2 Uttak hogst av sitkagran i reservatet Uttak av fremmede arter 7FA Fremmedartsinnslag 01.01.2019 ESL
ID_TILVV00000446_000000003 3 Uttak av platanlønn fra eikeskog Uttak av fremmede arter Ikke valgt 11.06.2019 esl
ID_TILVV00000446_000000004 4 Sjekke ut og oppdatere grensemerking i kart Tilrettelegging og informasjon Ikke valgt 11.06.2019 esl
ID_TILVV00000446_000000005 5 Opne steinfylling over utløpet for å sikre betre vassutskifting Restaurering Ikke valgt 11.06.2019 esl
ID_TILVV00000446_000000006 6 Kartlegging av vassplanter Kartlegging Ikke valgt 18.06.2019 esl
ID_TILVV00000446_000000007 7 Rydde kratt rundt varden og synlege kulturminne Skjøtsel av (tre)vegetasjon Ikke valgt 07.11.2019 esl
ID_TILVV00000446_000000008 8 Oppsetting av nytt informasjonsskilt Tilrettelegging og informasjon Ikke valgt 07.11.2019 esl
ID_TILVV00000446_000000009 9 Uttak av mink Uttak av fremmede arter Ikke valgt 28.11.2019 ESL

Skjøtselsplan

Plan innarbeidet som del av forvaltningsplanen

Besøksforvaltning

Plan innarbeidet som del av forvaltningsplanen

Forvaltningsutfordringer

Grensene for reservatet følger ikkje alltid naturlege skiljelinjer eller grenselinjer. Sett frå forvaltinga kan det vere utfordrande å ha ein grense midt gjennom eit beite utan å gjerde. Framande arter i området (sitkagranplantefeltet i vest), og platanlønn spreier seg aggressivt i sumpskogen og eikeskogen i sør. Juletreproduksjon rett utanfor reservatet kan auke faren for spreiing av framande arter (edelgran) inn i reservatet. Svært grunn brakkvasslagune med liten vassutskifting. Vassutskiftinga er vidare redusert gjennom bru i utlaupet, noko som total kan gjere lagunen svært sårbar for næringsavrenning frå landbruket. Algeoppblomstring kan påverke både fugleliv og friluftsliv negativt. Det er liten oppdatert kunnskap om vassmiljøtilstand. Kyrkjøy og Bjergøyna bekkefelt som renn ut i Søyla har ei ‘Dårlig’ økologisk tilstand, jf. Vann-nett, grunna avrenning frå landbruk og bekkelukking. Det bør difor gjennomførast ein kartlegging av vassplanter i Søyla. Reservatgrense heilt i vasskanten utan buffer mot dyrka mark. Her bør ein, saman med kommune og grunneigar, få til avbøtande tiltak som redusert gjødsling og planting av tre og buskar i kantsona. Det siste også som eit tiltak mot beiteskadar frå grågås. SNO rapporterte i 2005 om omfattande spor etter villmink. Fylkesmannen har eit prosjekt for uttak villmink som også vert gjennomført i reservatet.

Naturmangfoldloven

Naturmangfaldlova gjeld side om side med anna lovverk. Tiltak i verneområde må ha løyve både etter naturmangfaldlova og etter det regelverket tiltaket generelt blir regulert etter. Til dømes motorferdsel i verneområde, krev løyve både etter verneforskrifta og motorferdselslova. Om det er motstrid mellom føresegn, går normalt verneforskrifta føre andre lover eller forskrifter. § 6.(generell aktsomhetsplikt)

«Enhver skal opptre aktsomt og gjøre det som er rimelig for å unngå skade på naturmangfoldet i strid med målene i §§ 4 og 5. Utføres en aktivitet i henhold til en tillatelse av offentlig myndighet, anses aktsomhetsplikten oppfylt dersom forutsetningene for tillatelsen fremdeles er til stede.»

§ 47.(skjøtsel av verneområder) «I verneområder etter dette kapitlet kan forvaltningsmyndigheten foreta skjøtsel og grensemerking av verneområdet. Forvaltningsmyndigheten skal, hvis mulig, inngå avtale med grunneieren om at denne utfører nærmere bestemte skjøtselstiltak. Forvaltningsmyndigheten kan også inngå avtale med interesserte organisasjoner eller andre om at disse utfører slike skjøtselstiltak. Som skjøtsel kan foretas tiltak for å opprettholde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er formålet med vernet, herunder tiltak for å kanalisere ferdsel, fjerning av vegetasjon eller fremmede treslag og restaurering etter naturinngrep. Skjøtselstiltak som innebærer høsting av naturlige ressurser eller en vesentlig endring i naturtilstanden slik den var da vernearbeidet tok til, jf. § 42 eller § 45 første ledd, kan ikke skje etter denne paragraf. Berører skjøtselstiltak privat eiendom eller rettigheter i verneområdet, skal eieren eller rettighetshaveren så vidt mulig varsles på forhånd. Økonomiske fordeler ved gjennomføring av skjøtselstiltak tilfaller grunneieren eller rettighetshaveren. Beslutninger om å iverksette skjøtselstiltak etter første og andre ledd er ikke enkeltvedtak Utkast til plan for skjøtsel av verneområdet skal om mulig legges frem samtidig med at verneforskriften blir fastsatt.» § 48.(dispensasjon fra vernevedtak) «Forvaltningsmyndigheten kan gjøre unntak fra et vernevedtak dersom det ikke strider mot vernevedtakets formål og ikke kan påvirke verneverdiene nevneverdig, eller dersom sikkerhetshensyn eller hensynet til vesentlige samfunnsinteresser gjør det nødvendig. I avveiningen mellom øvrige vesentlige samfunnsinteresser og hensynet til verneområdet skal det særlig legges vekt på verneområdets betydning for det samlede nettverket av verneområder og om et tilsvarende verneområde kan etableres eller utvikles et annet sted. Tiltakshaveren kan pålegges å bære rimelige kostnader ved ivaretakelsen, opprettelsen eller utviklingen av et slikt tilsvarende område. Trenger et tiltak tillatelse både etter verneforskriften og etter annet lovverk, kan tiltakshaver velge å søke om tillatelse parallelt. Vedtak skal i slike tilfeller først fattes etter verneforskriften, dersom ikke annet følger av verneforskriften eller forvaltningsmyndighetens samtykke. Søknad om dispensasjon etter første ledd skal inneholde nødvendig dokumentasjon om tiltakets virkning på verneverdiene. I dispensasjon etter første ledd skal begrunnelsen for vedtaket vise hvordan forvaltningsmyndigheten har vurdert virkningene som dispensasjonen kan få for verneverdiene, og hvilken vekt det er lagt på dette.» § 48 erstattar den generelle dispensasjonløyve som kan gjevast gjennom forskrifta kap VIII. § 49.(utenforliggende virksomhet som kan medføre skade inn i et verneområde) «Kan virksomhet som trenger tillatelse etter annen lov, innvirke på verneverdiene i et verneområde, skal hensynet til disse verneverdiene tillegges vekt ved avgjørelsen av om tillatelse bør gis, og ved fastsetting av vilkår. For annen virksomhet gjelder aktsomhetsplikten etter § 6.»

Sentrale føringer

Forvaltningsstyresmakta for eit verneområde kan foreta skjøtsel og grensemerking av verneområdet. Forvaltningsstyresmakta skal, om mogleg, inngå avtale med grunneigar om gjennomføring av skjøtsel. Som skjøtsel reknast tiltak for å oppretthalde eller oppnå den natur- eller kulturtilstanden som er føremålet med vernet, medrekna tiltak for å kanalisere ferdsel, fjerning av vegetasjon eller framande treslag og restaurering etter naturinngrep. Eigar eller rettseigar skal varslast før skjøtsel vert gjennomført på privat eigedom. Økonomiske fordeler ved skjøtsel, til døme tømmer, gis til grunneigar eller rettseigar. Vedrørande saksbehandling rundt dispensasjonar. Lundarsøyla er oppretta etter naturvernlova av 1970. Naturvernlova blei erstatta av naturmangfaldlova i 2009. Naturmangfaldlova sine føresegn vil supplere og utfylle eldre verneforskrifter. Dette betyr mellom anna at dei generelle dispensasjonsreglane (Kap. VIII) i verneforskrifta er erstatta av naturmangfaldlova § 48. Dette inneber mellom anna at forvaltningsstyresmakta kan berre gje dispensasjon til tiltak som ikkje er i strid med vernevedtakets føremål og som ikkje kan påverke verneverdiane nemneverdig. Begge vilkåra må vere oppfylt. Kap. V gir konkretiserte unntak som er tillat i reservatet. Men desse skal sjåast i samanheng med verneførmålet og difor tolkast innskrenkande. Til døme vil ferdsel med motorbåt til fiske vere tillat, sjølv om det forbod under Kap. IV-4, såframt det ikkje påverke verneverdiane gjennom å uroe fugl. Vidare er det sjølve tiltaket som følger av det aktuelle føresegnet, som er direkte tillat. Slik at Kap. V-7 gjev løyve til hogst, men det gjev ikkje løyve til å nytte motorisert køyretøy for å henta ut ved. Kap. VI listar dei spesifiserte dispensasjonsreglane og viser til konkrete aktivitetar eller tiltak det kan gi dispensasjon til. Sjølv om eit tiltak er innanfor ramma av ein spesifisert dispensasjonsregel må det likevel gjerast ei sjølvstendig vurdering av om dispensasjon skal gjevast. Dette inneber mellom anna at sjølv om eit tiltak er blitt gjeve dispensasjon tidlegare eller hos ein granne, så inneber det ikkje automatisk at ein får innvilga dispensasjon. Dette sjåast mellom anna i lys av naturmangfaldlova § 10 kor verknaden av eit tiltak skal vurderast ut frå den samla belastninga som eit økosystem er eller vil bli utsett for.

Forvaltningsmyndighetens retningslinjer

Id Tema Forskriftreferanse Forvaltningsmyndighetens retningslinje
Dyreliv Kap 4 - 2 For reservatet gjeld følgjande reglar: - Dyrelivet, herunder hi, reir og egg, er freda mot skade, øydelegging og uroing. Jakt, fangst og bruk av skytevåpen er forbode. Hundar skal haldast i band. Nye dyreartar må ikkje innførast. Føresegna presiserer at det gjelder eit absolutt jaktforbod i reservatet. I tillegg er dyrelivet freda mot uroing. Utanom holmane er det fri ferdsel i heile reservatet, men ferdselen på skje på ein slik måte at ein ikkje forstyrrar dyrelivet unødig. Dette gjeld også unødig jaktpraksis utanfor reservatet som skremmer opp fugl inne i reservatet, jf. naturmangfaldlova § 49.
Landbruk Kap. 5 - 3 Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for: - Tradisjonell beiting, herunder bruk av gjetarhund. Med tradisjonell beiting meinast beiting som opprettheld verneverdiane ut i frå beitetrykk. Beitetrykket vil vere avhengig av tal, vekt og rase av dyra som vert nytta. Tilleggsfòring vurderast som gjødsling.
Landbruk Kap. 5 - 9 Reglane i kap. IV er ikkje til hinder for: - Gjødsling, bruk av plantevernmiddel og fortsett bruk av dyrka mark inkludert naudsynt motorisert ferdsel på areal nærare bestemt av forvaltningsstyresmakta Kart som viser områder godkjent for gjødsling, bruk av plantevernmiddel og motorisert ferdsel finnes som vedlegg til denne planen. Men desse tiltaka skal gjerast i samråd med forvaltningsstyresmakta.

Tilleggsopplysninger

Det finnes ei rekkje kjelder ein kan søkje tilskot knytt til tiltak relevant for reservatet. I utgangspunktet kan ein kontakta forvaltningsmynda som rår med forvaltningsbudsjettet. Forvaltningsbudsjettet nyttast til tiltak i samsvar med verneformålet, til dømes skjøtsel eller fjerning av framande artar. Hjå Miljødirektoratet sitt Elektroniske Søknadssenter kan ein mellom anna søka på tilskot for tiltak for trua naturtypar og haustingsskog, til trua artar, og ville pollinerande insekt. Målgrupper for ordninga er grunneigara, privatpersonar, frivillige organisasjonar, kommunar, verksemder og institusjonar. Vidare vil ein også, som ikkje-offentleg aktør, kunne søke på Tilskot til tiltak mot framande organismar. Hjå Fylkesmannen kan ein også søke om tilskotsordningar i Regionalt miljøprogram (RMP). Dette inkluderer mellom anna skjøtsel av kulturminne, bruk av bevaringsverdige husdyrrasar og tilrettelegging av fuglebiotop. Fylkesmannen jobbar også aktivt med framande arter slik at tilskot til tiltak mot framande artar kan søkjast hjå Fylkesmannen. Hjå kommunen kan ein søkje om tilskot til spesielle miljøtiltak i landbruket (SMIL). SMIL kan gje tilskot til tiltak som skjøtselstiltak for biologisk mangfald og kulturlandskap, restaurering av verneverdige bygningar, og andre tiltak mot forureining.

Vedlegg

Filvedlegg

Type Lagt til Tema Eksternt Opphav Internt Opphav Størrelse
13.03.2018 Suppl. naturtypekartlegging Fylkesmannen i Rogaland
18.06.2019 Kart vernegrenser 1998 ESL
18.06.2019 Kart grenser gjødsla areal 1999 ESL
18.06.2019 Vernegrenser beskrivelse ESL
28.11.2019 Foto oversikt Erik Steen Larsen FMRO
28.11.2019 Foto søyla Erik Steen Larsen FMRO
28.11.2019 Foto beita kantsone Erik Steen Larsen FMRO
28.11.2019 Foto svartorskogen Erik Steen Larsen FMRO
15.09.2020 Reviderte vernegrenser av 2008