Innledning

Risøysundet (VV00000256)

Godkjent av
Oppstartsdato14.03.2017
Planlagt revisjon
Sametingskonsultasjon02.05.2018
Godkjent dato07.05.2021
Høringsdato02.02.2021
ephorte saksnummer2017/1539
ForvaltningsmyndighetStatsforvalteren i Nordland
ForvaltningsmyndighetstypeStatsforvalter
Oppsynhttps://www.miljodirektoratet.no/om-oss/miljodirektoratets-organisasjon/statens-naturoppsyn/lokalkontor/regioner/nordland/reine/
FylkerNordland
KommunerAndøy
Verneformnaturreservat
VerneplanVerneplan for våtmark
Vernet dato21.12.2000

Om forvaltningsplanen

Risøysundet naturreservat vart verna i 2000. Formålet med fredinga er å ta vare på eit viktig våtmarksområde med vegetasjonen og dyrelivet som høyrer til. Risøysundet naturreservat fekk status som Ramsarområde i 2013. Det vil sei at verneområdet er rangert som eit av dei viktigaste våtmarksområda i verda. Dette gir eit ekstra ansvar for å sikre området og er bakgrunnen for at Statsforvaltaren i Nordland prioriterer å utarbeide forvaltningsplan for dette området. Forvaltningsplanen skal vere eit hjelpemiddel for å oppretthalde verneformålet og fremje verneverdiane. Planen skal sikre ei heilskapleg forvaltning av verneområdet ved å gje konkrete retningslinjer om bruk, informasjon, skjøtsel, tilrettelegging med meir. Forvaltningsplanen er utarbeida innanfor rammene av verneforskrifta. 

Statsforvaltaren i Nordland starta arbeidet med forvaltningsplanen i mars 2017. Det vart sendt ut oppstartsmelding til grunneigarar som saken vedkjem, men også til nokre organisasjonar og myndigheiter. Statsforvaltaren heldt oppstartsmøte i Risøyhamn 23. mars 2017. Ei referansegruppe som består av representantar for grunneigarar, Andøy kommune, Velforeininga i Risøyhamn, Ornitologisk foreining, Andøy JFF, Andøy Bondelag, og reiseliv har medverka i arbeidet. I mai 2018 sendte Statsforvaltaren ut oppstartsmeldinga på nytt til fleire myndigheiter og organisasjonar. Arbeidet har dermed tatt litt lengre tid, men det var viktig for å oss med ein god prosess der alle saken gjeld får seie si meining.

Forvaltningsmyndighetens oppgave

Statsforvaltaren har ansvaret for å ta vare på verneområdet i tråd med verneformålet og gjere nødvendige tiltak dersom verneverdiane er trua. Forvaltningsansvaret inneber utøving av myndigheit etter verneforskrifta. I hovudsak inneber dette myndigheit til å gje dispensasjon frå verneforskrifta og utfyllande retningslinjer om forvaltning og skjøtsel gjennom forvaltningsplanen. Forvaltningsmyndigheita har vidare ansvar for informasjon til grunneigarar, rettshavarar og allmenta, samt skjøtsel, registrering og dokumentasjon av naturverdiar.

Forvaltningsmyndigheita sitt handlingsrom følgjer av naturmangfoldlova og verneforskrifta for verneområdet. Verneforskrifta fastset reglar om forbod og unntak, samt spesifiserte reglar om dispensasjon for verneområdet. Forvaltningsmyndigheita har i tillegg heimel til å gje dispensasjon frå reglane om vern i naturmangfoldlova § 48. Dei sentrale forvaltningsorgana har eit overordna ansvar for verneområdeforvaltninga, blant anna gjennom klagebehandling og at dei set rammene for forvaltninga. Sentrale forvaltningsorgan er Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet.

Tilleggsopplysninger

Forvaltningsplanen har hatt ei referansegruppe som har består av desse medlemmane: -Astrid Gabrielsen: Representant for Andøy kommune -Kjell Roald Karlsen: Representant for Risøyhamn Vel -Ole Petter Bergland: Representant for Ornitologisk Forening -Stig Torstensen: Representant for Andøy JFF -Knut Johnny Enoksen: Representant for Andøy Bondelag -Ellinor Benjaminsen: Representant for grunneigarane -Hans Benjaminsen: Representant for grunneigarane -Camilla Ilmnoi: Representant for reiseliv Sametinget har gitt tilbakemelding om at det ikkje er nødvendig med konsultasjon før endeleg forslag av forvaltningsplanen sendast ut på høyring, og heller ikkje behov for å sitte i eit arbeidsutval. Sametinget vil vurdere eventuelle konsultasjonar med statlege myndigheiter før forvaltningsplanen blir godkjent dersom samiske interesser blir påverka direkte.

Områdefakta

Landareal (daa)1150
Sjøareal (daa)3890
IUCN-statusIUCN_IA
Ramsar-statusJa
Emerald-statusJa

Internasjonale forpliktelser

Noreg har underteikna ei rekke internasjonale miljøavtalar som tek sikte på å beskytte miljøet ut frå eit større perspektiv enn det nasjonale. Mange av verneområda våre er svært viktige bidrag til at slike avtalar kan følgjast opp og gjennomførast i praksis.

IUCN

Noreg er medlem i Den internasjonale naturvernunion (IUCN). IUCN har som mål å bevare natur og biologisk mangfald. Det finst eit eige program for arbeid med verneområde, og under dette programmet utviklast det rettleiingar for å auke effektiviteten i arbeidet med å beskytte natur. Ein av desse er eit klassifiseringssystem med IUCN kategoriar. Desse kategoriane brukast i stor grad for å samanlikne arbeidet med verneområde mellom ulike land, både regionalt og globalt. Risøysundet er kategorisert som kategori Ia) naturreservat. Naturreservat er den strengaste forma for områdevern etter naturmangfoldlova.

Ramsar

Ramsarkonvensjonen er ein global avtale som vart utarbeida i byen Ramsar i Iran i 1971. Målet til konvensjonen er bevaring og fornuftig bruk av våtmarker gjennom lokale-, nasjonale- og globale tiltak og internasjonalt samarbeid. Dette for å bidra til ei berekraftig utvikling. Medlemslanda forpliktar seg til å følgje opp ei rekke forpliktingar i sjølve konvensjonen, samt dei vedtaka landa gjer på partsmøter. Slike forpliktingar er særleg knytta til å: -forvalte internasjonalt viktige våtmarksområder (Ramsarområder) slik at den økologiske funksjonen blir opprettheldt -sørge for fornuftig bruk av våtmarker gjennom forvaltning og arealplanlegging, dette omfattar også kartlegging- og gjennomføring av verneplanar for våtmarker -delta i internasjonalt samarbeid om våtmarker. For Noreg omfattar dette blant anna bistandssamarbeid og samarbeid med nordiske og baltiske land

Kvart medlemsland er forplikta til å peike ut og sikre internasjonalt viktige våtmarksområde, Ramsarområde. Det er fastsett kriteriar for å identifisere slike område. Partslanda skal sikre at den økologiske funksjonen i ramsarområda blir opprettheldt ved at områda forvaltast ut frå best muleg kunnskap om påverknader og tolegrenser.

Risøysundet fekk status som Ramsarområde i 2013, og oppfyller følgjande kriterier: • Området er ein av dei få større, intakte mudder/sandflatene i Nord-Noreg. Her er diversiteten høg, og området er ein av dei beste representantane for denne naturtypen i regionen. Våtmarkstypen er eit svært viktig hekke- og rasteområde for mange fugleartar, og det har ein av de største gjenverande populasjonar av mange plante- og dyreartar som tidlegare var vanlege. • Risøysundet er ei mangfaldig våtmark med høg biologisk produksjon. Her er det eit gunstig habitat for mange grupper av våtmarksfuglar som for eksempel brushane. Området har ein fast populasjon av den europeiske oteren (VU). • Området er viktig for mange våtmarksfuglar i ulike kritiske fasar av livsyklusen. Eit stort antall rastande fuglar er registrert, blant anna siland (800 ind), havelle (200 ind), sandlo (300 ind), myrsnipe (300 ind), grågås (200 ind), storskarv (600 ind) og laksand (100 ind).

Vegetasjonen er mangfaldig og består av eit breitt utval av sjeldne regionale artar. Vegetasjonen er i liten grad påverka av menneskeleg aktivitet som gjer at området er eit viktig referanseområde for sublittoral vegetasjon, saltvassmyr og brakkvannssumpar.

Bernkonvensjonen

Bernkonvensjonen sitt formål er å verne om europeiske ville dyr og plantar og levestadane deira, med særleg vekt på trua og sårbare artar. Målet er også å fremje samarbeid mellom medlemslanda. Det er vedteke fire lister (I-IV) som seier noko om korleis bestemte artar skal beskyttast (totalfreding, sikre leveområde, regulering av jakt og bruk av jaktreiskap). I tillegg er det vedteke resolusjonar for å beskytte bestemte naturtypar (Resolution No. 4 (1996)) og artar (Resolution No. 6 (1998)). Medlemslanda må rapportere om bevaringsstatus for dei lista naturtypane og artane som finst på eige territorium. I tillegg må landa opprette eit nettverk av område som skal bidra til å beskytte dei aktuelle naturtypane og artane. Dette nettverket har fått namnet "Emerald Network".

Natur

Beskrivelse

Risøysundet ligg akkurat i skiljet mellom Andøya og Hinnøya. Reservatet omfattar den nordvestlege del av dette sundet. Tettstaden Risøyhavn ligg sørvest for reservatet. Marine gruntvannsområder med breie og flate strandområder og med eit kompleks av flate grasholmar, laguner og brakkvannsdammar dominerer lokaliteten. I den vestlege delen ligg Risøyvatnet omgitt av eit større strandengkompleks.

Naturtyper beskrivelse

Verneområdet består av fjøreområder med mudder- og sandbotn som har store areal strandeng med komplekse dreneringssystem. Desse er delt opp av langstrakte soner med fastmark og øyar med naturbeitemark, boreal hei og strandeng. Naturbeitemarka er i gjengroing. På øyane er det i tillegg mindre areal med ung bjørkeskog, myr og fleire småpyttar. Risøyvatnet er ein stor brakkvannspoll, og mellom områda med strandeng er det fleire større og mindre strandmyrer. Verneområdet omfattar også areal inne på Andøya, og her er det veksling mellom ungskog og myr, samt mindre areal med nedbørsmyr og myrsumpskog. Dei mest interessante areala reint forvaltningsmessig er strandenga og til dels også engene som tidlegare har vore beita eller slått. Desse kan bli meir artsrike med fornya hevd (kartvedlegg 3). Andre interessante område er dei små areala med kalkrik myrflate og myrkant (kartvedlegg 4) og ei lita sandstrand ved utløpet av ein bekk nord for Risøyvatnet.

Arter beskrivelse

Det er registrert over 50 ulike våtmarksfuglar i Risøysundet naturreservat (Eggen, 2016). Ei rekke våtmarksfuglar er avhengig av desse områda for få næring og kvile under trekka vår og haust. Ender og vaderar dominerer, og enkelte artar har blitt observert med bestandar på fleire tusen individ, for eksempel kortnebbgås og polarsnipe. Reservatet har ei spesiell betydning for kortnebbgåsa på vårtrekket. Vaderar som tjeld, sandlo, heilo, myrsnipe og raudstilk vart i 2015 observert i stort antal rastande i Risøysundet naturreservat. Fleirtalet av dei observerte fuglane i Risøysundet var voksne fuglar, noko som indikerer at reservatet blir brukt for næringssøk også av hekkande fuglar frå områda rundt. Risøysundet er i tillegg eit viktig jaktområde for rovfugl. Både havørn, hønsehauk, vandrefalk og dvergfalk er observert innanfor reservatet.

Området rundt Risøyvatnet er også rikt på hekkande fugl, og vatnet har ein viktig funksjon for ender med ungar og ender under myting. Her hekkar blant anna ein stor koloni av hettemåsar, med hekkande terner og fiskemåsar innimellom. I tillegg hekkar siland, tjeld og raudstilk i området. Laksand er ein karakterart Risøysundet, og mytande fugl kjem frå hekkeområde aust for Andøya kvar haust.

Ålegras er utbreitt i reservatet. I heile området mellom fjøresona på Andøya, Andersøya og Tennskagen vart arten registrert med eit meir eller mindre samanhengande dekke. Lokaliteten inneheld også eit stort utval av regionalt sjeldne vegetasjonstypar og artar. Andre artar av forvaltningsinteresse, som strandmelde, rustsivaks og småhavgras, hadde stort sett mindre førekomstar i reservatet.

Rødlistearter beskrivelse

Den norske raudlista viser oversikt over artar som kan ha ein risiko for å døy ut frå Noreg. Artane er plassert i ulike kategoriar: CR - kritisk trua, EN - sterkt trua, VU - sårbar og NT - nær trua. I Risøysundet er 33 raudlista fugleartar observert, av desse er 18 arter trua (filvedlegg 1). Raudlisteartar som er observert i spesielt stort antal rastande i Risøysundet er stjertand, brushane og polarsnipe. Risøysundet er eit viktig raste- og myteområde før trekket. Fuglane er svært sårbare i myteperioden, og det er viktig med god tilgang på mat. Raudlisteartar som vart registrert hekkande i Risøysundet i 2015 er hettemåke og storspove. Området har også ein fast populasjon av oter som er kategorisert som sårbar på raudlista. Vipe, storspove og småspove er definert som karakterartar for Risøysundet naturreservat (Rikardsen, 1980), men har hatt ein kraftig nedgang siste åra. Eit hekkande vipepar vart observert i Risøysundet i 2015, men sannsynlegvis har det vore mange fleire tidlegare (Eggen, 2016).

Geologi beskrivelse

Strekninga frå Risøysundet frå Risøybrua og austover til Breineset har ei variert strand som vekslar mellom låge berg- og morenenes, grus- og steinstrender, skjerma småviker med strandeng, pollar og dammar avstengt bak låge bergryggar. Viktige substrattypar er silt og leire, men grus, stein, tang og berg dekker også visse strekningar. Heile reservatet består av marine strandavsetjingar og berggrunnen består av bandgneis, gabbro, amfibolitt og diorittisk til granittisk gneis.

Klimaendring

Store delar av Risøysundet ligg lågt og vil difor vere utsett dersom havnivået stig. Viss klimagassutsleppet held fram med å auke fram mot 2100, er det predikert at havnivået vil auke med 30 cm (med eit usikkerhetsintervall på 10 – 60 cm) langs kysten av Nordland og Troms (Klima i Norge 2100, 2015). Dersom klimagassutsleppet vert redusert vil havnivået ikkje auke like mykje, men dette inneber drastiske kutt av CO2-utslepp allereie frå 2020. Auka havnivå vil føre til at strandengkomplekset forskyvast innover i den grad det er mogleg. Dersom nydanning ikkje kan skje i bakkant av stranda vil naturtypen over tid få avgrensa utstrekning (Naturtyper i klimatilpasningsarbeid, 2015). I Risøysundet vil vegen rett utanfor vernegrensa vere til hinder for nydanning av strandenga. Stormflonivået kan auke som følgje av havnivåstigninga, og dette kan føre erosjon og endra grunnforhold (Klimaprofil Nordland, 2017 og Naturtyper i klimatilpasningsarbeid, 2015). 

Andenes i Andøy kommune har ein årleg snittemperatur på 4,4°C. Dersom klimagassutsleppet held fram med å auke kan snittemperaturen auke med opp til 5°C mot 2100 (Klimaprofil Nordland, 2017). Ein slik temperaturauke vil forlenge vekstsesongen ganske kraftig, og sannsynlegvis endre artssamansetjinga som er grunnlaget for naturtypane i Risøysundet. Særleg kan varmekjære artar som har sin nordlegste utbreiing i Noreg få betre levevilkår og konkurrere ut stadeigne artar (Naturtyper i klimatilpasningsarbeid, 2015).

Dersom CO2-utsleppet held fram å auke, vil klimaendringane kunne påverke verneverdiane ganske mykje fram mot 2100. Spesielt stigninga av havnivået vil ha store konsekvensar for verneområdet. Sjå kartvedlegg 6.

Annen negativ påvirkning

Dei største truslane lokalt er gjengroing, predatorar (rev, mink og kråke), marin forsøpling og muleg forureining i form av avrenning frå ein gammal søppelplass i nærleiken. I tillegg vil ulykker knytta til skipstrafikk eller olje- og gassverksemd kunne utgjere ein risiko. Gjengroing i Risøysundet kan vere eit problem for våtmarksfuglar som storlom som er tilpassa å hekke på bakken i åpne landskap. Fugleregistreringa som vart gjort i 2015 viser at det er færre fuglar som hekkar i reservatet no samanlikna med tidligare. Observasjonar frå lokalbefolkninga støttar opp om resultatet. Slåtterøya og Andersøya har lav tettleik av hekkande fugl med unntak av fjøreområda.

Risøysundet har mykje søppel som kjem med havstraumane, spesielt inne i vikane. I tillegg har ein del søppel «grodd ned» i vegetasjonen, og dette utgjer ein fare for dyrelivet ved at dei et det, skadar seg på det eller blir sitjande fast. I 1974 vart det bygd ei bru over Risøysundet frå Hinnøya til Andøya. I etterkant har rødreven etablert seg på øya. I dag er bestanden av rødrev på Andøya stor og utgjer ein betydeleg trussel for hekkande fugl. I oktober 2017 vart det sett opp ei lydsperre for rødrev ved brua for å hindre at bestanden på Andøya aukar. Statsforvaltaren har gitt støtte til revefeller og dispensasjon for felling av rødrev i Risøysundet og Åholmen naturreservat.

Det er ei gammal søppelfylling ved Rihågen. Området er stort og vart fylt igjen av kommuna i 1995, men det er muleg at det fortsatt er avrenning inn i Risøyvatnet.

Tilleggsopplysninger

Gamle grøfter på myrflater og i myrskogsmark vart registrert fleire stader langs nordvestsida av Risøyvatnet (Larsen & Alvereng, 2016). Det kan gje ein positiv effekt for naturtypane å legge igjen desse grøftene, men på grunn av vegen som går i området vil ikkje det vere eit realistisk tiltak. Grøftene var i reservatet på vernetidspunktet.

Bruk og historikk

Eierstruktur

Verneområdet ligg på privat grunn.

Det freda området kjem inn på følgjande gnr./bnr.: 9/1, 9/2, 9/3, 9/4, 9/5, 9/7, 9/38, 9/59, 9/113, 9/114 og 21/34.

Verneprosess

Vernearbeidet starta i 1979 med eit forslag til vern av 8 våtmarksområde, mellom anna Risøysundet. Dette var eit oppdrag frå Miljøverndepartementet. Målsetjinga for denne verneplanen var å bevare eit utval av dei viktigaste biotopane for fugleartar tilknytt våtmark.

I Risøysundet naturreservat hadde Fiskeridepartementet peika på behovet for å utvide farleia i Risøyrenna, men det var viktig at området bevarte naturkvalitetane og at formålet med vernet ikkje vart dårlegare eller gjekk tapt. Ei konsekvensutgreiing viste at renna kunne utvidast utan store negative miljøkonsekvensar, og tiltaket vart gjennomført.

Naturreservat er den strengaste forma for vern eit område kan ha etter den gamle naturvernlova. Naturvernlova vart 1. juli 2009 erstatta av naturmangfoldlova. Alle verneområde blir etter dette forvalta etter den nye lova, men forskriftene som vart vedtekne gjeld framleis.

Vernegrense

Grensa for naturreservatet kjem fram av kart i målestokk 1:10 000, datert Miljødirektoratet mars 2016 (kartvedlegg 1). Kartet og fredningsforskrifta oppbevares i Andøy kommune, hos Statsforvaltaren i Nordland, i Miljødirektoratet og i Klima- og miljødepartementet.

Brukshistorie

På Risøya og på Laneset er det gjort fleire arkeologiske funn, blant anna tjukke møddinglag som viser ein langvarig busetnad helt tilbake til jernalderen. På Laneset, heilt nede ved strandlinja ligg tre hustufter, to nausttufter og fem førkristne gravhaugar. Funn frå gravhaugane er datert til andre halvdel av det 9. århundre (Guttormsen, 1994).

Det har gjennom tidene vorte plukka bær, egg og dun til eige bruk, og storfe beita i området fram til 1950-talet. Etter dette har området vore beita av sau, men det er usikkert kor lenge. På store Risøya er eit område som sannsynlegvis har vore slått tidlegare (Kartvedlegg 1). Det er usikkert kor lenge sidan det vart slått, men det vil vere positivt for plantar og fugl dersom slåtten vert starta opp att.

Risøyrenna som ligg delvis innanfor reservatet, er ei smal, kunstig passasje mellom Andøya og Hinnøya. Det grunne sundet vart mudra opp for å opne det for meir skipstrafikk. Risøyrenna vart offisielt opna i 1922, og har i seinare tid vorte mudra på nytt for å utbetre henne.

Landbruk

Verneforskrifta åpnar for utmarksbeite og utmarksslått som på vernetidspunktet eller der dette tidligare har vore vanleg (kapittel V, punkt 5). Det vil seie at det er opna for beiting med dei dyreartane og i den utstrekninga som har føregått tidlegare innanfor det aktuelle området. Gjenoppteke beite vil vere positivt for naturmangfoldet knytta til engareala og forskrifta vil ikkje setje ein avgrensing på tal dyr som kan beite i naturreservatet.

Det er planar om å sette i gang sauebeite lengst vest i reservatet. Det har tidlegare vore beita her, men området er no prega av gjengroing. På Risøya var det inntil i fjor eit lite plantefelt med sitkagran, og innimellom granene veks det også mykje bjørk. Plantefeltet er fjerna, og forhåpentlegvis kan beite av sau hindre vidare gjengroing. Gjengroing kan verke negativt på hekkande fugl.

Generelt kan ein seie at ein del av dei større øyane, som Slåtterøya og Andersøya har lav tettleik av hekkande fugl med unntak av fjøreområda (Eggen, 2015). På desse øyane er det høgt gras og urter. Skjøtsel av desse øyane vil kunne auke betydninga området har for fugl, både sjøfuglartar og vaderar. Beite vil også vere positivt for strandengene.

Det er forbode å setje i verk tiltak som kan endre dei naturgitte forholda. Opplistinga er ikkje uttømmande, men nemner blant anna ny utføring av kloakk eller anna konsentrert tilførsel av forureining, gjødsling og bruk av kjemiske middel til å nedkjempe problemartar. I tillegg går det fram at dei naturgitte forholda ikkje må endrast ved til dømes drenering eller anna form for tørrlegging, uttak, oppfylling eller planering. 

Å setje opp gjerde går inn under forbodet mot å setje opp faste innretningar og er derfor ikkje tillate å setje opp utan å søke forvaltningsmyndigheita om dispensasjon. Ein slik søknad vil behandlast etter den generelle dispensasjonsparagrafen i naturmangfoldlova § 48. Eit godt alternativ til gjerde er å nytte Nofence.

Reindrift

Verneområdet ligg ikkje innanfor noko reinbeitedistrikt i Nordland.

Friluftsliv

Det er ein gammal traktorveg som kan brukast av turgåarar som går frå parkeringsplassen ved riksvei 82 og ut til Knutholmen. Området er elles interessant for fugleturistar i og med at det er så mykje våtmarksfugl her.

All vegetasjon, blant anna døde buskar og tre, er freda mot ei kvar form for skade og øydelegging (kapittel IV, punkt 1). Det tyder blant anna at det ikkje er opna for å rydde kratt og anna vegetasjon innanfor verneområdet. Forvaltningsmyndigheita kan utføre rydding av vegetasjonen dersom dette er nyttig for naturverdiane. Dei som ønskjer å fjerne vegetasjon av andre grunnar, som til dømes å etablere stiar eller gjere området meir tilgjengeleg, må søkje dispensasjon frå verneforskrifta.

I naturreservatet må hundar vere i band heile året (kapittel IV, punkt 2). Verneforskrifta opner for sanking av bær og matsopp (kapittel V, punkt 4). Det er ikkje tillate å campe, slå opp telt og setje opp kamuflasjeinnretningar for fotografering (kapittel IV, punkt 5). Det tyder blant anna at ein må søkje dersom ein skal setje opp telt.

Det er tillate å brenne bål, men vegetasjonen er freda mot all form for skade og øydelegging, så ved må vere medbragt. I reservatet er det ikkje tillate å brenne bål som skadar vegetasjonen. Bålbrenning er elles begrensa av «forskrift om åpen brenning og brenning av avfall i småovner, Andøy kommune (29.08.2008)» og «forskrift om brannforebygging (17.12.2015)». I forskrifta står det at det er forbode å gjere opp eld eller behandle ting som representerer ein brannfare utandørs under slike forhold eller på ein slik måte at det kan føre til brann. Bål må ikkje forlatast før det er fullstendig slukka.

Jakt og Fiske

I utgangspunktet er dyrelivet, under dette fuglane sine reir og egg, freda mot ein kvar form for skade, øydelegging og unødig forstyrring og det er ikkje tillate med jakt, fangst og bruk av skytevåpen (kapittel IV, punkt 2). Det er opna for jakt på hjortevilt, fellefangst av mink og jakt på kystsel (kapittel V, punkt 6 og 8). I tillegg kan det søkast om løyve til felling av vilt som forårsakar vesentleg skade (kapittel VI, punkt 1).

Jakt og fangst som skal gå føre seg i verneområdet må gjennomførast i tråd med bestemmingane i viltlova og forskrifter som høyrer til. For alle artane er jakttida begrensa av forskrift om jakt- og fangsttider. Det vil blant anna seie at fangst av mink med felle kan utførast av personar med gyldig jegeravgiftskort heile året. Sjølv om det ikkje er søknadspliktig er det ønskjeleg for forvaltninga å ha kjennskap til kva som blir fanga av mink i reservatet. Det er i tillegg viktig at det blir tatt nødvendig omsyn til hekkande fugl. Minkfangsten skal i all hovudsak skje utanom hekke- og myteperioden for at røktinga ikkje skal forstyrre hekkande fugl.

Det gjeldande regelverket for kystsel legg føringar for jakttider og jaktbare artar. Det blir gitt årlege nasjonale kvoter for jakt på kystsel som også er førande for jakt innanfor reservatet. Søknadar om kvote for jakt på kystsel blir behandla av Nordland fylkeskommune. Verneforskrifta opnar for lovleg bruk av hund ved jakt på hjortevilt, og ved søk etter skada hjortevilt (kapittel V, punkt 7). I forskrifta om utøving av jakt, felling og fangst står det i kapittel 7 nærmare om bruk av hund under jakt.

I dag foregår det svært lite jakt i Risøysundet naturreservat. Det er gitt dispensasjon til uttak av mink og rev i reservatet. Det er opna for fiske i verneområdet (kapittel V, punkt 8), men etter det vi kjenner til foregår ikkje noko fiske der no.

Reiseliv

Reiseliv og til dels friluftsliv er omtalt i forenkla besøksstrategi, sjå filvedlegg 4.

Forskning og undervisning

Vitskapelege undersøkingar og undervisning som ikkje er i strid med verneformålet, og som gjennomførast i samsvar med verneforskrifta, kan skje utan løyve frå forvaltningsmyndigheita. Vitskapelege undersøkingar som ikkje kan gjennomførast i samsvar med verneforskrifta treng dispensasjon frå forvaltningsmyndigheita. Vitskapelege aktivitetar som er søknadspliktige (lista er ikkje uttømande): • Fangst og bedøving av dyr • Innsamling av plantar • Innsamling av berggrunnsprøver • Utplassering av varige innretningar og utstyr • Vitskapelege undersøkingar av kulturminner som inneber graving og/eller fjerning av vegetasjon

Ved behandling av søknader om gjennomføring av vitskapelege undersøkingar vil forvaltningsmyndigheita legge vekt på: • Om undersøkinga har noka betydning for vernet, verneformålet og kunnskapsbehovet til forvaltningsmyndigheita • Innverknaden undersøkinga har på verneverdiane • Om det er heilt nødvendig å gjennomføre undersøkinga inne i verneområdet

Kulturminner

Det er funne fleire busetjingar og hustufter frå jernalderen (kartvedlegg 7). Lidarregistreringar i Risøysundet viser at det truleg er fleire gamle naust og ukjente graver.

Kulturminner frå før 1537 er automatisk freda. Tiltak knytta til dei automatisk freda kulturminna vil krevje løyve etter kulturminnelova i tillegg til verneforskrifta. Det er ei sikringssone rundt freda kulturminne. Dersom kulturminnemyndigheita ikkje har fastsett avgrensing, gjeld eit fem meter breitt belte frå dei synlege ytterkantane til kulturminnet (kulturminnelova § 6).

I tilfelle der det kjem fram gjenstandar eller andre spor frå eldre tid, må det sendast melding til fylkeskommuna snarast muleg, jf. kulturminnelova § 8. Dersom det pågår arbeid i området når det blir oppdaga eit muleg kulturminne, må dette stansast. Nordland fylkeskommune har forvaltningsansvaret for alle kulturminna, jamfør kulturminnelova.

Bygg og Installasjoner

Det er eit generelt forbod mot tekniske inngrep i verneområdet. Det er lista opp ulike aktivitetar som ikkje er tillate, blant anna oppføring av bygningar, anlegg og faste innretningar, oppfylling, planering og lagring av masse og drenering og anna form for tørrlegging. Opplistinga er ikkje uttømmande, noko som inneber eit forbod mot liknande inngrep (kapittel IV, punkt 3).

Kystverket har fire lanterner ståande på verneområdegrensa ute i Risøysundet. Kystverket har derfor eit direkte unntak i verneforskrifta for drift og vedlikehald av desse installasjonane, men ikkje for motorferdsel i samband med dette, heller ikkje i samband med akutte hendingar (kapittel V, punkt 9).

Det ligg eit tidlegare sprengstofflager, ein bunkers og nokre murar inne i reservatet. Bygningane tilhøyrer Andøy kommune, men har ikkje vore i bruk på ei stund. Vedlikehald av sprengstofflageret og vegen fram til disse er tillat (kapittel V, punkt 3). Det er ingen heimel i forskrifta for vedlikehald av bunkeren, dette er søknadspliktig. Transport til og frå sprengstofflageret og vedlikehald er tillate utan søknad (kapittel V, punkt 2).

Risøyrenna er ei kunstig passasje gjennom sandbankane nord for Risøyhamn, og her er det grave ut slik at større fartøy kan passere mellom Andøya og Hinnøya. I forskrifta er det opna for at renna kan gravast djupare utan søknad til vernemyndigheita, men då må tiltaket vere godkjent etter plan- og bygninglova sine bestemmingar og forskrifter som høyrer til, og utbyggar må varsle og rådføre seg med forvaltningsmyndigheita før tiltaket blir gjennomført (kapittel V, punkt 10). Utviding av Risøyrenna i breidda er eit tiltak som er søknadspliktig (kapittel VI, punkt 2).

Motorferdsel

I utgangspunktet er motorisert ferdsel på land, inkludert start og landing med luftfartøy, forbode. Dette gjelder også modellbåtar, modellfly og vannskuter, samt lavtflyging under 300 m. Bruk av drone kan sidestillast med modellfly og er også forbode i verneområdet.

Motorferdsel i samband med militær operativ verksemd, politi-, rednings-, brannverns-, og oppsynsoppgåver, samt gjennomføring av skjøtsel og forvaltningsoppgåver som er bestemt av Statsforvaltaren er direkte unnateke frå forbodet mot motorferdsel (kapittel V, punkt 1). Bestemminga inneber ikkje unntak for køyring i samband med øving.

Motorisert ferdsel med andre formål enn dei som er nemnt ovanfor må søke om dispensasjon.

Med heimel i verneforskrifta kap. V punkt 9. er ikkje verneforskrifta til hinder for "Drift og vedlikehold av Kystverkets eksisterende anlegg, samt nødvendig ferdsel i forbindelse med denne virksomheten." Dette inkluderer ikkje motorferdsel. Det betyr at Kystverket må søke om dispensasjon frå verneforskrifta for bruk av motorferdsel i naturreservatet, også når det oppstår akutte hendingar. Ved akutte hendingar kan forvaltningsmyndigheita gje muntleg løyve til dette med heimel i forvaltningslova § 23. I og med at Kystverket har eit sikkerheitsbehov for å kunne rette opp feilen så fort som mogleg, kan det vere aktuelt å gje forlenga dispensasjonar til motorferdsel ved akutte hendingar.

Forvaltning

Innledning

Klima- og miljødepartementet (KLD) er den øvste myndigheita for miljøforvaltninga i Noreg. Departementet har ansvaret for at den miljøpolitikken Stortinget har vedteke blir gjennomført. KLD er overordna myndigheit for forvaltninga av område verna etter naturvernlova, naturmangfoldlova og viltlova.

Miljødirektoratet er øvste fagmyndigheit for naturvernområde i Noreg og har hovudansvaret for forvaltning av område som er verna etter naturmangfoldlova. Miljødirektoratet avgjer kven som skal vere forvaltningsmyndigheit for det enkelte verneområde og er klageinstans for vedtak som forvaltningsmyndigheita har gjort i kvart enkelt verneområde. Miljødirektoratet skal også rettleie forvaltningsmyndigheita i praktisering av verneforskriftene.

Statsforvaltaren i Nordland er forvaltningsmyndigheit for Risøysundet naturreservat, og skal behandle og avgjere alle søknader. Klage på vedtak skal gå via Statsforvaltaren i Nordland og behandlast av Miljødirektoratet til slutt.

Andøy kommune er myndigheit på fleire av dei andre lovverka som kan få betyding for naturreservatet, til dømes plan- og bygningslova og motorferdsellova.

Statens naturoppsyn gjer feltarbeidet for forvaltninga og vil melde frå til politiet dersom det blir gjort lovbrot. Oppsynet rapporterer til forvaltningsmyndigheita. Forvaltningsmyndigheita har også eit sjølvstendig ansvar for å reagere på lovbrot som blir oppdaga.

Tiltaksplan

ID_TILTAK PRI Beskrivelse Kategori Bevaringsmål Dato innlagt Dato ferdig Internt opphav
ID_TILVV00000256_000000008 1 Informasjonsplakat etter merkevarestrategien Tilrettelegging og informasjon Ikke valgt 01.06.2021 01.08.2021
ID_TILVV00000256_000000001 2 Fjerne eventuell oppslag av gran etter fjerning av plantefelta Uttak av fremmede arter Ikke valgt 01.06.2018 01.09.2025
ID_TILVV00000256_000000002 3 Få dyr på beite i strandenga for å hindre gjengroing Beiting og lyngbrenning Ikke valgt 01.06.2022
ID_TILVV00000256_000000005 4 Plukke søppel i strandenga kvart 3. år frå 2018 Annet Ikke valgt 01.01.2018
ID_TILVV00000256_000000006 5 Vannprøve ved Rihågen for å sjekke kvaliteten av vatnet, siden det har vore bekymring om avrenning fra tidlegare søppelfylling. Annet Ikke valgt
ID_TILVV00000256_000000007 6 Gjenopptaking av slått på eit areal på Store Risøya. Jamfør rapport om NiN-kartlegging i Risøysundet naturreservat av Miljøfaglig Utredning. Slått Ikke valgt

Skjøtselsplan

Plan innarbeidet som del av forvaltningsplanen

Besøksforvaltning

Plan utarbeidet og ligger som vedlegg

Forvaltningsutfordringer

Framande artar: Det var eit lite plantefelt med sitkagran vest i reservatet. Dette vart fjerna i 2017, men må følgjast opp med omsyn på å fjerne sitkaplanter som kjem opp i ettertid.

Forureining: Det er ei gammal søppelfylling ved Rihågen som vart etablert i 1975. Det har vore bekymring om avrenning frå denne og ut i Risøyvatnet etter at den vart fylt igjen. Det bør takast vannprøver for å eventuelt kunne setje inn tiltak dersom kvaliteten på vatnet er dårleg. Verneforskrifta gjeld ikkje utafor vernegrensa, difor er det viktig at kommunen forvaltar tilgrensa område på ein slik måte at ikkje verneverdiane innanfor området blir forringet.

Ferdsel: Fuglane er spesielt sårbare for forstyrrelsar i hekketida. Det er ikkje forbode med ferdsel i hekketida, men det er viktig at folk som ferdast i området viser omsyn. Dersom fuglar varslar eller viser engsteleg åtferd bør ein trekke seg unna. I dag er det ikkje så mykje ferdsel i området, men dersom ferdselen aukar, er det muleg å gjere tiltak for å kanalisere ferdselen vekk frå dei viktigaste hekkeområda.

Gjengroing: Som tidlegare nevnt er strandenga i området prega av gjengroing. Det har tidlegare vore beita av storfe på 1950-talet. Det vil vere positivt for både flora og fauna at beitinga blir gjenoppteken. Det vil gje mulegheita for hekking av artar som foretrekk å legge reiret i kortvokst eng, samtidig som det også vil betre mulegheitene for rastande og beitande gjess. Det er vanskeleg å få satt opp gjerde i dette området på grunn av at det er så stor skilnad på flo og fjøre. Vi ønskjer derfor å gje støtte til å utprøving av Nofence for bønder som ønskjer å ha dyr i naturreservatet. 

Slått: På Store Risøya er det ei gammal slåttemark som ikkje har vorte slått på mange år. Denne er også i ferd med å gro igjen. Slått her vil verke positivt for artsmangfaldet, først og fremst karplantar, men også for fugl.

Naturmangfoldloven

Vedtak om vern av naturreservatet i 2000 var hjemla i naturvernlova frå 1970. Den 1. juli 2009 tredde naturmangfoldlova (nml) i kraft, og naturvernlova vart oppheva. Sjølv om naturvernlova vart oppheva, gjeld verneforskrifter vedteke i samsvar med den inntil Kongen bestemmer noko anna (jf. nml § 77). Eitt unntak er søknader om dispensasjon etter den generelle dispensasjonsbestemminga (kapittel VIII) i verneforskrifta. Slike søknadar skal vurderast etter nml § 48.

Kapittel II i naturmangfoldlova seier noko om berekraftig bruk (blant anna forvaltningsmål for naturtypar, økosystem og artar) som også gjeld innafor naturreservatet. I tillegg skal fem prinsipp (§§ 8-12) leggast til grunn som retningsliner ved utøving av offentleg myndigheit, og bruken av prinsippa skal visast i begrunning for offentlege beslutningar som berører naturmangfaldet. Dette gjeld for eksempel behandling av dispensasjonssøknadar og vedtak av forvaltningsplan. Dei fem prinsippa gjeld kunnskapsgrunnlaget (§8), føre-var-prinsippet (§9), økosystemtilnærming og samla belastning (§ 10), at tiltakshaver må dekkje kostnadane ved miljøforringelse (§11) og miljøforsvarlege teknikkar og driftsmetodar (§ 12).

Etter § 8 i naturmangfoldloven skal offentlege beslutningar som berører naturmangfoldet så langt det er rimeleg, bygge på vitskapeleg kunnskap om artane sin bestand, naturtypane si utbreiing og økologiske tilstand, samt effekta av påverknader. Vidare skal det leggast vekt på kunnskap som er basert på erfaringar gjennom generasjonane om bruk av og samspel med naturen.

Forvaltningsplanen gir nærmare retningsliner for aktivitetar som kan vere tillete i verneområda innanfor dei rammene som er sett av naturmangfoldlova og verneforskrifta. Samla belastning på verneområda er eit sentralt moment ved vurdering av søknadar om dispensasjon frå verneforskrifta. I samband med forvaltningsplanen er det utarbeida konkrete bevaringsmål for ulike naturkvalitetar som skal utgjere grunnlaget for overvåking av naturtilstanden. Dette vil gje eit styrka grunnlag for å kunne vurdere samla belastning av ulike aktivitetar i området. Utarbeiding av forvaltningsplan bidreg dermed til å ta vare på prinsippet i naturmangfoldlova § 10 om økosystemtilnærming og samla belastning. Etter naturmangfoldlova § 11 skal tiltakshavar bere kostnadane med å hindre eller begrense skade på naturmangfaldet. Verneforskrifta legg vesentlege begrensingar på kva tiltak som kan gjerast i området. I dispensasjonar vil det normalt setjast vilkår for å hindre eller begrense skade på naturmangfald, og tiltakshavar vil måtte dekke eventuelle kostnader knytta til det å oppfylle vilkåra. Prinsippet om miljøforsvarlege driftsmetodar, teknikkar og lokalisering (§ 12) er blant anna relevant i samband med behandling av søknadar om dispensasjonar, både når det gjeld spørsmålet om dispensasjon bør gjevast og eventuelt kva vilkår som bør setjast for å sikre verneverdiane. Prinsippet om dei best tilgjengelege teknikkar og driftsmetodar vurderast som aktuelt blant anna i samband med skjøtsel. Prinsippet om beste lokalisering vurderast som relevant i samband med blant anna behandling av søknadar om dispensasjonar, både når det gjeld spørsmålet om dispensasjon bør gjevast og eventuelt kva vilkår som bør setjast (nml § 12). Forskrifter gitt med heimel i naturvernlova og naturmangfoldlova gjeld ikkje for verksemd utanfor vernegrensene. I slike tilfelle gjeld naturmangfoldlova § 49 som seier noko om verksemd utanfor verneområdet som kan føre til skade inn i eit verneområde. Det er viktig at grunneigarar, kommune og andre offentlege og private instansar forvaltar området som grensar til naturreservatet i tråd med nml § 49 på ein slik måte at ikkje kvaliteten på verneverdiane innanfor eit verneområde blir dårlegare.

Sentrale føringer

Regjeringa ynskjer styrket forvaltning av Noregs verneområder. Klima- og Miljødepartementet publiserte i 2019 Handlingsplan for styrket forvaltning av verneområdene, som Statsforvaltaren skal følgje i sitt arbeid med verneområder.

Miljødirektoratet har utarbeidde Rundskriv om forvaltning av verneforskrifter (M106-2014) som omhandler saksbehandling ved utgjeving av myndigheit etter verneforskrifter. Det skal vere eit hjelpemiddel for forvaltningsmyndigheita ved forvaltning av verneområder oppretta etter naturmangfoldlova eller naturvernlova.

Naturmangfoldlova § 48 gjev forvaltningsmyndigheita heimel til å gje dispensasjon frå verneforskrifta i tre alternative tilfelle: -Dersom det ikkje strid mot verneformålet og ikkje kan påverke verneverdiane nevneverdig -Dersom sikkerheitsmessige omsyn gjer det nødvendig -Dersom omsyn til vesentlege samfunnsinteresser gjer det nødvendig

Bestemminga skal vere ein sikkerheitsventil for tiltak som ein ikkje kunne føresjå, eller særskilte tilfelle som ikkje vart vurdert på vernetidspunktet. Det første alternativet dekker tilfelle der verneformålet og verneverdiar toler enkeltståande avvik frå vernebestemmingane, og er i utgangspunktet meint for bagatellmessige inngrep eller forbigåande forstyrringar. Dispensasjonsbestemminga i § 48 er ein kan-regel, det vil seie at sjølv om vilkåra for å gje dispensasjon er oppfylt, så er det ingen som har krav på dispensasjon. Det er nødvendig med ei breiare vurdering av om det bør gjevast dispensasjon.

Naturmangfoldlova § 47 gir generelle reglar om forvaltningsmyndigheita sine mulegheiter til å skjøtte verneområder. Bestemminga gir for det første forvaltningsmyndigheita mulegheit til å utøve ei viss fysisk rådigheit uten samtykke frå grunneigar. For det andre gir bestemminga mulegheit til å gjere skjøtselstiltak som er forbode eller blir regulert av vernebestemmingane. Verneforskrifta sitt unntak for skjøtselstiltak gjeld berre for skjøtsel som forvaltningsmyndigheita står for og som gjeld verneområdet. Bestemminga i § 47 gir ikkje mulegheit til å pålegge grunneigaren ein viss bruk av området.

Det som kan gjerast med heimel i § 47 er tiltak for å oppretthalde eller oppnå natur- eller kulturtilstanden som er formålet med vernet. Det kan til dømes vere tiltak for å kanalisere ferdsel, fjerning av vegetasjon eller framande treslag eller restaurering etter naturinngrep. Skjøtselstiltak som inneber hausting av naturlege ressursar eller ei vesentleg endring i naturtilstanden på vernetidspunktet kan ikkje skje med heimel i § 47.

Mulegheita til skjøtselstiltak gir også rett til nødvendig motorferdsel innanfor heile verneområdet utan samtykke frå grunneigar. Dersom det er nødvendig å passere eigedommar utanfor verneområdet for å kome fram, gjev naturmangfoldlova § 72 mulegheit til det. Dersom eit skjøtselstiltak kan få følgjer for privat eigedom eller rettigheiter i verneområdet skal eigaren eller rettshavaren varslast på førehand. Økonomiske fordelar ved gjennomføring av skjøtselstiltak tilfell grunneigar eller rettshavar. Tiltak som ikkje kan gjerast med heimel i naturmangfoldlova § 47 krever avtale med grunneigar.

Forvaltningsmyndighetens retningslinjer

Id Tema Forskriftreferanse Forvaltningsmyndighetens retningslinje
Tekniske inngrep Kapittel VI, punkt 2 Forvaltningsmyndigheita kan gje løyve til etablering av nye navigasjonsanlegg for Kystverket dersom det blir behov.
Tekniske inngrep Kapittel VI, punkt 2 Forvaltningsmyndigheten kan gi tillatelse til utvidelse av Risøyrenna og andre tiltak av betydning for regulariteten og sikkerheten i Risøysundet.
Strandrydding Strandrydding skal i all hovudsak finne stad på høsten.

Tilleggsopplysninger


Kunnskapsgrunnlag

Forfatter År Tittel Utgiver Kobling
NINA 2015 Naturtyper i klimatilpasningsarbeid - Effekter av klimaendringer og klimatilpasningsarbeid på naturmangfold og økosystemtjenester NINA https://brage.nina.no/nina-xmlui/bitstream/handle/11250/292962/1157.pdf?sequence=3&isAllowed=y
Lofoten Birding 2015 Fugleregistreringer i Risøysundet naturreservat 2015 - status hekkefugler og trekkfunksjon Lofoten Birding
Økoforsk 1988 Botaniske verdier på havstrender i Nordland. C Beskrivelser for regionene Ofoten og Lofoten/Vesterålen. Økoforsk
Miljøverndepartementet 1978 Fylkesvis oversikt over ornitologisk viktige våtmarksområder i Norge, - Nordland. Miljøverndepartementet
Miljødirektoratet 2015 Klima i Norge 2100 Miljødirektoratet https://cms.met.no/site/2/klimaservicesenteret/klima-i-norge-2100/_attachment/10990?_ts=159d5ffcffd
Artsdatabanken, Norge 2015 Norsk rødliste for arter 2015 Artsdatabanken, Norge https://www.artsdatabanken.no/Files/13973/Norsk_r_dliste_for_arter_2015_(PDF)
Miljødirektoratet 2013 Veileder for behandling av utbyggingssaker som kan berøre Ramsarområder og andre vernede våtmarksområder. M-47/2013 Miljødirektoratet http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M47/M47.pdf
Klima- og miljødepartementet 2016 Naturmangfoldloven kapittel II - Alminnelige bestemmelser om bærekraftig bruk Klima- og miljødepartementet http://www.miljodirektoratet.no/Global/dokumenter/Publikasjoner/Annet/t-1554.pdf
Rapport i forbindelse med Miljøverndepartementets landsplan for verneverdig naturområder og forekomster. 1975 Registrering av verneverdig havstrandvegetasjon i Nordland, Troms og Finnmark. Rapport i forbindelse med Miljøverndepartementets landsplan for verneverdig naturområder og forekomster.
Miljøfaglig Utredning 2016 Risøysundet naturreservat i Andøy kommune - Skjøtselsanbefalinger med bakgrunn i naturtypekartlegging Miljøfaglig Utredning https://felles.naturbase.no/api/dokument/hent/10148679.PDF
Miljødirektoratet 2014 Rundskriv om forvaltning av verneforskrifter. M106-2014 Miljødirektoratet http://www.miljodirektoratet.no/Documents/publikasjoner/M106/M106.pdf
Norsk klimaservicesenter 2016 Klimaprofil Nordland Norsk klimaservicesenter https://cms.met.no/site/2/klimaservicesenteret/klimaprofiler/klimaprofil-nordland/_attachment/14289?_ts=167ad42351d
1980 Ornitologiske registreringer i våtmarksområder, Andøy kommune, med hovedvekt på kartlegging av viktige vårtrekkbiotoper.

Vedlegg

Filvedlegg

Type Lagt til Tema Eksternt Opphav Internt Opphav Størrelse
13.01.2021 Fugl på raudlista observert i Risøysundet naturreservat Artsdatabanken Statsforvaltaren i Nordland 2021
26.10.2018 Lenker til informasjon om internasjonale avtalar og samarbeid
23.10.2018 Fugleregistreringer i Risøysundet naturreservat 2015 - status hekkefugler og trekkfunksjon Martin Eggen
02.02.2021 Besøksstrategi for Risøysundet naturreservat Statsforvaltaren i Nordland 2020

Kartvedlegg

Type Lagt til Tema Eksternt Opphav Internt Opphav Størrelse
13.01.2021 Vernekart Statsforvaltaren i Nordland 2016
15.04.2021 Installasjonar og anna i Risøysundet naturreservat Statsforvaltaren i Nordland 2021
13.01.2021 Strandeng og seminaturlig eng i Risøysundet naturreservat Miljøfaglig Utredning
13.01.2021 Våtmarkssystem i Risøysundet naturreservat Miljøfaglig Utredning
13.01.2021 Gammal slåttemark Miljøfaglig Utredning
15.01.2021 Klimaendring, havnivå Statsforvaltaren i Nordland 2021
15.04.2021 Kulturminner Statsforvaltaren i Nordland 2021